fredag 27. mai 2011

Innblikk i kaninholet

Kaninbyen er den siste boka i Stavangertrilogien, som er skriven av Arild Rein. Han skriv samfunnsrealistiske romanar som finn stad i Stavangers underverd. Boka handlar om tidlegare politimann Jonny Roxmann. Han ynskjer å tene pengar på gladmatfestivalen. I løpet av boka skal han skaffe seg det han treng til å lage maten som han skal selje der. Undervegs treffer han den thailandsk jenta Kim som han får god kontakt med. Men Jonny er kanskje ikkje den han ser ut som på fasaden.

For personar som ikkje har lese Arild Rein sin ''Kaninbyen'', måten boka er skriven på kan boka gi blanda meiningar. Dette er ikkje ein barnevennleg bok, sidan det er brukt banning som språkleg verkemiddel. Forfattaren kunne brukt banning for å understreke eit poeng, men det er unødvendig å bruke det heile tida. Det er òg brukt vågalt språk nokre plassar i boka, til dømes: «Eg tømde glaset og gjekk ned på toalettet for å pissa og vaska pikken min». Det blir også fortalt seksuelle handlingar med eit veldig vulgært språk som kan vere fornærmande eller støytande for visse personar. Tittelen og bokomslaget kan vere ganske misvisande, fordi det kan får boka til å bli stilt fram meir som eit eventyr som handlar om kaninar. Men det er kanskje dette forfattaren prøver å få fram i boka, at Stavanger er ein kaninby, fordi alle knullar som kaninar. Personen boka handlar om ligger med fleire jenter i boka. Kanskje forfattaren meiner at Stavanger er ein kaninby fordi ein går ut på byen, finner noen man liker også blir man me dem heim og ligger me dem. Og at dette kan skje kvar helg i Stavanger.

Boka er skriven frå vinkelen til ein person som virkar rasistisk. Han likar utanlandske jenter, mens menn frå andre land likar han absolutt ikkje! Det får boka til å handle litt om rasisme, som er eit samfunnsfagleg problem den dag i dag. Han seier til dømes: «Muslimar og katolikkar var dei som fekk mest av avkom. Men koffor knulla og yngla dei stakkarne så jævlig? Hæ?» Oppførselen hans i boka kan også forsterke denne påstanden. På denne måten kan vi få vita kva ein person faktisk kan tenkja og meine under fasaden. Boka er realistisk med tanke på handlinga, og skjer på plassar i Stavanger som finst, og ein kan difor sjå for seg kor det som skjer føregår. Det er altså ein faksjon, som vil sei at handlinga kunne ha skjedd i røyndomen. Det var òg bra at boka ikkje var så forutsigbar.

Det som var negativt med boka, var at det rett og slett ikkje var nokon raud tråd, meiner eg. Det var berre mange tilfeldige hendingar, og ein treng jo ærleg talt ikkje vita når hovudpersonen går på do og slikt.  Dette kan få lesaren til å måtte stoppe opp, og tenkja på kva desse hendingane har som hensikt. For mykje av desse tilfeldige hendingane eller setningane kan få lesaren til å faktisk ikkje ha lyst til å lese resten, men nokre kan vere morosame eller ein kan få lyst til å lese vidare for å finne ut om det skjer noko som gjev desse tilfeldige hendingane meining.

Bodskapen i boka er å formidle om rikdomen og pengefokuset i Stavanger. Det kan uttrykket ved handlingane til Jonny, som stort sett har noko med pengar å gjere. I alt syns eg at denne boka var nokså uinteressant, men i slutten kan streve med å lese bok løne seg. Boka kan få deg til å tenkja over kva for personar som lever i samfunnet. Eg synest likevel at det var alt for mange tilfeldige hendingar som var uinteressante og usaklege, og dessutan at banningen gjorde at eg tok boka mindre seriøst.

Kjelda:
Rein, Arild: Kaninbyen, Det Norske Samlaget, 2004

Bilete henta frå: https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhgfZfVgdrcnlZ3gQKNOrodn7NSWW4XKcIOzb7iUNKCHx22FeLMsMCIwaV-sLHduljF7f7gO2GY1xbjm5Bs4VQp3NeFN_DrDMGHqi7zYs2s__9R3BJ3odOQysS-YJtqjQrOEN4Q8WQxknI6/s320/kaninbyen.jpg